Om kunstverket
Skulpturen "Heiagjengen" av den Oslo-baserte kunstnaren Solveig W Schafferer-Sigerus blei kjøpt inn av de folkevalte i Voss kommune. Voss kunstlag henta fyrst kunstverket til Voss i samband med ein av utstillingane sine. Skulpturen sto då mellombels plassert på fortauet ved Voss Ungdomshall. Han vart så godt likt av vossingane at då utstillinga var over, var det nærast eit folkekrav at "Heiagjengen" måtte bli verande i Bygda.
Voss kunstlag, med Martha Gjøstein, i spissen tok dette opp med Voss kommune. Initiativet førte altså til at skulpturen vart innkjøpt. Lengre nord i landet, nærare bestemt i Mo i Rana, finst ein identisk heiagjengskulptur.