Olav Alvestad, bauta på gravplassen

Om kunstverket

Reist av: Vener. Voss Ungdomslag ved formann Anders Ullestad gjorde opptakta til reisinga av minnesmerket.
Avduka: 17. mai 1906 av Lars Eskeland. Innskrifta er meisla inn etter teikning av Olav Roti.

Bautaen er reist til minne om Olaus Alvestad som saman med Lars Eskeland var med å skipa Voss Folkehøgskule. Alvestad var eigar og styrar av avisa «Hordaland» frå 1898 til han døydde åtte år seinare.

I 1898 gav han ut «Norsk songbok for ungdomsskular og ungdomslag». Songboka, som sidan fekk den forkorta tittelen «Norsk songbok», har kome i fleire opplag heilt fram til nyare tid.

Relaterte artikler