Bergslimonumentet

Av Magnus Dagestad

Magnus Dagestad teikna monumentet. Nils Bergslien modellerte sjølv dei tre bronserelieffa på steinane. Desse vart utforma i Eidfjord av Odd Hereid.
Kunstmålar Knut Bergslien (1827-1908):Knut Bergslien vart i si tid kjend som «den beste portrettmålaren i landet». Knut var òg ein dyktig landskapsmålar, han fekk mellom anna til oppdrag å måle kroningshøgtida til Oscar II., «Kong Sverre på Vossefjella», «Birkebeinarane på ski over fjellet med kongsbarnet» er eit anna arbeid mange kjenner.
Bilethoggar Brynjulv Bergslien(1830-1898): har av kunsthistorikarane vorte omtala som den største bilethoggaren i landet i si tid. Karl Johan-monumentet, ei ryttarstatue av den svensk-norske kongen Karl Johan, vert rekna som Brynjulv sitt meisterverk. Det vart avduka på Slottsbakken i september 1875 med ein svær folkefest.
Kunstmålar Nils Bergslien(1853-1928): Nils Bergslien var målar, teiknar, illustratør og bilethoggar. Han har laga minnesmerket over Ola Mosafinn, «Ridande Vossabryllaup». Nils Bergslien var mest kjend som kunstmålar. Oftast nasjonalromantiske folkelivsskildringar og motiv frå eventyr og segn, mellom anna mange, ofte komiske nissebilete reprodusert som postkort. I Voss Ungdomshall er sceneteppet «Jolereida» laga av Nils.
Bergslimonumentet er ein del av Bergsliløypa, ei natur- og kulturløype på Vossevangen. Bergsliløypa har sju postar på stader eller ved monument med tilknyting til dei tre Bergslikunstnarane. Brørne Knut og Brynjulv vakst opp på Bergslitræet i Prestegardsmoen. Nils var nevøen deira

Kunstverkene er beskyttet av opphavsrett og er gjengitt etter avtale med BONO (Billedkunst Opphavsrett i Norge). Verk kan ikke gjengis uten hjemmel i lov eller tillatelse fra rettighetshaver/BONO. Ønsker du å bruke kunstverk? Kontakt BONO for å få lisens - www.bono.no

Relaterte objekter