Magnus Dagestad, gravstein

Om kunstverket

Ståle Kyllingstad, som hadde vore elev hos Dagestad, modellerte relieffet på steinen som vart sett ned i 1958.
Magnus Dagestad var ein av dei fremste representantane for brukskunst på vestlandsbygdene, og dreiv forutan verkstad i Bergen og på Voss, Norsk kunsthandverksskule på Voss. Han var ein særs allsidig kunstnar innanfor nasjonal stil frå midten på 1880-åra som treskjerar, teiknar, målar, forfattar og spelemann.
På 85-årsdagen sin i 1950 opna han eige museum som seinare har vorte utvida.

Relaterte artikler