Lars Eskeland

Om kunstverket

Reist av: Nemnd leia av Anders Ullestad.
Avduka: 19. juni 1949 av Knut Markhus.

Utførande kunstnar var Torleiv Agdestein.
Lars Eskeland skipa Voss Folkehøgskule saman med Olaus Alvestad. Eskeland arbeidde opp skulen til å verta ein av dei fremste i landet. Den norske målreisinga var ei hjartesak for han, og han gav ut ei rekkje lærebøker i norsk. Eskeland fekk fleire høgtståande utmerkingar: I 1925 fekk han Kongens fortenestemedalje i gull , og i 1935 blei han riddar av St. Olavs Orden.

  • Navn: Lars Eskeland
  • Sted Voss folkehøgskule
  • Plassering På plenen nedom hovudhuset ved Voss Folkehøgskule.

Relaterte artikler