Lars Fletre

Om kunstverket

Minnesteinen over familien Fletre der Lars Fletre er gravlagd, ligg på Assistentkyrkjegard 2 på Vangen.
Lars Fletre var ein allsidig kunstnar. Han er mest kjent som bilethoggar Fletre har utforma mange av minnesmerka i dette heftet. Han laga òg mange skulpturar i tre, og arbeidde i tillegg i gips og glas.
Frå 1962 dreiv Lars Fletre Vossing Art Studio i Chicago, men han var ofte på vitjing i heimlandet.
Eitt av Lars Fletre sine største arbeid er minnesmerket over soldatane frå Fjordane regiment som fall i siste verdskrigen. Han har laga altertavla i kyrkja på Mjølfjell, Voss Folkemuseum har òg fleire Fletre-arbeid i samlinga si. Til sist lyt det forseggjorde gravminnet Fletre sette på grava til foreldra sine på kyrkjegarden nemnast.
«Merkesmannen» som i dag er å finna i Voss kulturhus er laga av Lars Fletre. Her kan du òg sjå kvinnefigur i heiltre, ein skulptur Fletre gav til Voss kunstlag før han flytta til Amerika.

Relaterte artikler