Om kunstverket
Merkesmannen Kunstnar: Lars Fletre Reist av: Voss Veksel- og Landmandsbank. Avduka: 1. juli 1984 av Museumsdirektør Peter Anker.
Skulpturen er støypt i bronse etter utkastet Fletre laga til Per Sivle-monumentet. Det var stor strid om minnesmerket over Per Sivle. Nemnda som arbeidde for å få reist dette bad Lars Fletre om å laga utkast med emne frå diktinga til Sivle. Nemnda valde «Merkesmannen» som eit symbolsk minnesmerke over Sivle. Monumentet viser Tord Foleson - merkesmannen - mens han med sine siste krefter støyter stongen i jorda. Men det vart usemje i bygda om dette ikkje var meir eit minnesmerke over merkesmannen enn Per Sivle. Til slutt vart det Ottar Espeland sitt Per Sivle monument som vart ståande som offisielt minnesmerke over Per Sivle utanfor Voss Tinghus. Stod først på torget/Simonsplassen, seinare flytt til Voss kulturhus.
Utkastet til Per Sivle-monumentet. Monumentet viser Tord Foleson – merkesmannen- då han med sine siste krefter støyrde stongen i jorda. «Det er det stora og det er det glupa at merket det stend um mannen han stupa». Sivle skreiv diktet om Tord Foleson som fall i striden på Stiklestad i 1030. Eit symbolsk merke over Per Sivle. Fletre var beden om å laga utkast med emne frå diktinga si og laga tre framlegg. I samråd med Norsk Billedhuggerforening valde nemnda «Merkesmannen» Stor strid i kommunestyret om minnesmerket. Mange meinte det var eit minnesmerke over Tord Foleson, ikkje over Per Sivle. I 1955 vart det semje mellom Sivlenemnda og formannskapet om å halde ei ny intern tevling mellom fire kunstnarar Ottar Espeland vann då. Byste står utanfor Voss Tinghus.