Merkesmannen

Om kunstverket

Reist av: Voss Veksel- og Landmandsbank.
Avduka: 1. juli 1984 av Museumsdirektør Peter Anker.

Skulpturen er støypt i bronse etter utkastet Fletre laga til Per Sivle-monumentet.
Det var stor strid om minnesmerket over Per Sivle. Nemnda som arbeidde for å få reist dette bad Lars Fletre om å laga utkast med emne frå diktinga til Sivle. Nemnda valde «Merkesmannen» som eit symbolsk minnesmerke over Sivle. Monumentet viser Tord Foleson - merkesmannen - mens han med sine siste krefter støyter stongen i jorda. Men det vart usemje i bygda om dette ikkje var meir eit minnesmerke over merkesmannen enn Per Sivle. Til slutt vart det Ottar Espeland sitt monument som vart ståande som offisielt minnesmerke over Per Sivle

Relaterte artikler