Lars O. Kindem

Av Ståle Kyllingstad

Om kunstverket

Reist av: vener med Anders Ullestad i brodden.
Avduka: 13. oktober 1946 av Mads Haga.

Monumentet er uthoggen av ei granittblokk av Ståle Kyllingstad. «Kinna-Lars», som han vart kalla, hadde ein finger med i det meste i Vossabygda, som forretningsmann, bygdepolitikar og lokalhistorikar. Sogegransking, museumsarbeid og bygdebøker er det som meir enn noka anne er knytt til namnet hans. Lars Kindem var pådrivaren for å overta Mølstertunet. I 1926 gav han ut ei grundig utgreiing om Vangskyrkja, og same året kom ei bok om Losnaætta på Voss. Det største verket hans er Vossaboki I-IV, der han i fyrste bandet skildrar Vossevangen som han kjende så godt. I 1926 fekk Kindem Kongens fortenestemedalje i gull.

Relaterte artikler