Sigbjørn Bernhoft Osa

Om kunstverket

Plassering: Osa-bysten står i foajeen i Gamle Voss kino.
Reist av: Voss kommune.
Avduka: 2. november 1984.

Sigbjørn Bernhoft Osa vart fødd i Ulvik 3. mai 1910, og vaks opp på Voss og i Valle i Setesdal. Han fekk opplæring i fiolinspel i Noreg og Tyskland, og etter fullført konservatorieutdanning i Berlin debuterte han i 1937.

Osa heldt ei lang rekke konsertar rundt om i Noreg, i USA og i fleire europeiske land. Han vart etter kvart ein framifrå ambassadør for norsk folkemusikk. Sigbjørn Bernhoft Osa var banebrytar med å nytta hardingfela i orkestersamanheng. Ole Bull var for Sigbjørn eit ideal som fiolinist, spelemann og kulturberar. Då Sigbjørn i 1976 skipa eit folkemusikkakademi, var det klart for han at det skulle heita Ole Bull Akademiet.

Sigbjørn Bernhoft Osa fekk ei rekkje utmerkingar og heidersteikn: Kongens fortenestemedalje i gull, Riddar av St. Olavs orden, Norsk kulturråds ærespris, Spelemannsprisen, Haugerud-prisen, heidersmedlem i Landslaget for spelemenn og æresborgarskap av den amerikanske delstaten Washington.

  • Navn: Sigbjørn Bernhoft Osa
  • Sted Voss tinghus
  • Plassering Foajeen i Gamle Voss kino

Relaterte artikler