Rocknesteinen

Om kunstverket

Reist av: Norskamerikanaren Andrew Highland.
Avduka: 23. juni 1962 av den amerikanske ambassadøren til Noreg, Clifton Wharton

Utførande kunstnar var amerikanaren Warner William.

Knute Rockne vart fødd 4. mars 1888 i Roknegarden. Foreldra til Knute utvandra til Amerika i 1891 og den vesle familien busette seg i Chicago.

Knute vart etter kvart hovudtrenar for universitetslaget ved Notre Dame-universitetet i South Bend, Indiana, han hadde sjølv studert og jobba på same universitet. Notre Dame-laget dominerte amerikansk fotball fullstendig i 1920-åra.

Knute var på veg til Los Angeles for å skriva under ein større filmkontrakt då den fatale flyulukka hende. Han og sju andre miste livet då flyet styrta. Rockne vert framleis minna ved årlege arrangement ved Notre Dame-universitetet. Namnet hans er framleis levande i Amerika, og han vil for alltid vera knytt til amerikansk fotballsoge som banebrytar i si tid.

I 2006 kom det eit nytt Rockne-minnesmerke på Voss (sjå side 35 - Rocknestatuen).

  • Navn: Rocknesteinen

Relaterte artikler