Sivleminnet

Om kunstverket

Reist av: Eiga nemnd - «Sivlenemnda» - formann og initiativtakar var Einar Ullestad.
Avduka: 16. juni 1957 - 100-årsdagen for Sivle sin fødsel - av professor Olav Midttun.



Per Sivle, kom til verda 6.4.1857 i Flåm. Tvillingbroren hans var dødfødd. Han budde saman med foreldra Susanne Ryum og Eirik Sivle, hestehandlaren «Store-Sivlen» i Stalheim fram til Susanne døydde, då Per var om lag 2,5 år gamal. Per vaks opp hjå fosterforeldre.
Per Sivle var ein omstridd og folkekjær lyrikar, humorist, prosaist og avisredaktør. Mest kjend er han for «Den fyrste song», som vart publisert første gong i 1877,sogedikt som «Tord Foleson» (1885) og barneforteljinga «Berre ein hund» (1887).
Sjukdom og alkoholproblem låg over Per som ei mare, og han meinte sjølv at diktarevna veikna. Til slutt såg han ingen annan utveg ennå ta sitt eige liv, 6. september 1904.

Dette minnesmerket vert kransa kvar 17. mai.

  • Navn: Sivleminnet
  • Sted Voss tinghus
  • Plassering På plenen framom tinghuset

Relaterte artikler