Om kunstverket
Skodespelar Lars Tvinde(1886-1973) Kunstnar: Ståle Kyllingstad. Steinsokkelen kom frå garden Tvinde. Avduka i 1982 av Viking Mestad, styreformann i Det Norske Teateret Plassering: Monumentet på Hestavangen - Vossevangen. Gravstøtte ved Vangskyrkja. Reist av Voss Kommune, Gudrun Tvinde, kona til kunstnaren, gav bysta. Skodespelaren Lars Tvinde er fødd på Voss i 1886. Vart med i spellaget til Voss Ungdomslag. I 1919 med til Bergen og Oslo. Hulda Garborg fekk han med i Det Norske Spellaget, som sidan vart til Det Norske Teatret. Han debuterte i opningsframsyninga i «Ervingen» av Ivar Aasen. Hadde også store hovudroller på teatret. Mellom dei mest kjende rollene hans var Didrik Dale i «Medmenneske» av Olav Duun, kapteinen i «Dødsdansen» av August Strindberg, som Jeppe på Berget, og Vårherre i «Guds grøne engjer».
Tvinde hadde statens kunstnarløn frå 1955, og vart utnemnd til kommandør av St. Olavs orden i 1964.