Lars Tvinde

Av Ståle Kyllingstad

Om kunstverket

Plassering: Monumentet på Hestavangen - Vossevangen. Gravstøtte ved Vangskyrkja.
Reist av: Voss kommune - Gudrun Tvinde, kona til kunstnaren gav bysten.
Avduka: 27. juni 1982 av Viking Mestad, styreformann for Det Norske Teateret.

Ståle Kyllingstad har laga bysten. Steinsokkelen kom frå garden Tvinde.

Skodespelaren Lars Tvinde (1886-1973) vart fødd på Voss i 1886. Hulda Garborg fekk han med i Det Norske Spellaget, som sidan vart til Det Norske Teatret. Tvinde debuterte i opningsframsyninga som Trond Bøen i «Ervingen» av Ivar Aasen, og var seinare knytt til dette teateret.

Mellom dei mest kjende rollene hans var Didrik Dale i «Medmenneske» av Olav Duun, kapteinen i «Dødsdansen» av August Strindberg, som Jeppe på Berget, og Vårherre i «Guds grøne engjer».

Tvinde hadde statens kunstnarløn frå 1955, og vart utnemnd til kommandør av St. Olavs orden i 1964.

Relaterte artikler