Om kunstverket
Magnus Dagestad Assistentkyrkjegard II Bronse/granitt.1858 Etter at Magnus Dagestad hadde gått bort i 1957, vende enka Brita Dagestad seg til Ståle Kyllingstad og bad han om å laga gravminnet etter sin gamle lærar på Norsk Kunsthandverksskule, Magnus Dagestad. Ståle Kyllingstad, som hadde vore elev hos Dagestad, modellerte relieffet på steinen som vart sett ned i 1958. Magnus Dagestad var ein av dei fremste representantane for brukskunst på vestlandsbygdene, og dreiv forutan verkstad i Bergen og på Voss, Norsk kunsthandverksskule på Voss. Han var ein særs allsidig kunstnar innanfor nasjonal stil frå midten på 1880-åra som treskjerar, teiknar, målar, forfattar og spelemann. På 85-årsdagen sin i 1950 opna han eige museum som seinare har vorte utvida.