Halvor Gjestland

(1925)

Om kunstverket

Plassering: Ved Voss Distriktpsykiatriske Senter - NKS Bjørkeli.
Avduka: 1925.

Halvor Gjestland (1838-1907) kom til Voss som distriktslækjar i november 1887. Gjestland var med å gjennomføra ei rekkje tiltak i bygda. Han fekk oppretta fleire sjukehus for smittsame sjukdomar. Han var sterkt involvert i arbeidet for å få oppretta eit sjukehus for tuberkulose i bygda, og 1. januar 1904 var endeleg «Bjørkelid Pleiehjem» (seinare Bjørkelid Sjukehus) klar til å ta imot dei fyrste pasientane. Gjestland var svært aktiv med å betra det samfunnet han levde i. For dette vart han utnemnd til «Ridder av St. Olavsordenen».

Relaterte artikler