Minnesmerke over falne

Av Arne K. Wisnes

Om kunstverket

Minnesmerke over falne - 1940-1945, Prestegardsmoen

Reist av: Initiativtakarane var oslomannen Carl G. Laursen, saman med Reidar Ringheim, Peder Vangsnes, Dag Midttun og oberst Jakob Bragstad.
Avduka: 8. mai 1990 av Styrk Gjøstein, leiar for heimestyrkane, ordførarar Peder Vangsnes og regimentsjef oberst Jakob Bragstad.

Steinen til bautaen og sokkel er frå Myrkdalen, Det var Oskar Draugsvoll som fann desse. Utførande kunstnar var steinhoggar Arne K. Wisnes frå Lyngstad i nærleiken av Molde. Kom.ing. Sjur Himle stod for utforminga av parkanlegget, og Magne Myhra var ansvarleg for teksten på minnesmerket.

Ordførar Peder Vangsnes sa ved avdukinga: «For meg gjer dette minnesmerket ekstra verdfullt, det å vita at det ikkje er kome i stand i offentleg regi som ei samfunnsplikt, men har sprunge fram frå einskildmenneske som ei menneskeleg plikt.»

Det var sterk tvil om ein skulle ha med namn på dei falne eller ikkje. For å unngå at nokon vart gløymt vart ein til slutt samde om at teksten på steinen dekkjer alle som fall: «Ingen nemnd - ingen gløymd», for å sitera Peder Vangsnes.

Dette minnesmerket blir kransa kvar 17. mai.

  • Navn: Minnesmerke over falne
  • Kunstner:
  • Sted Idrottsvegen
  • Plassering På plenen mellom Voss idrottshall og Voss friluftsbad. Eige parkanlegg.

Relaterte artikler