Minnesmerke frå krigen - for 4 falne - 1940-1945

Av Lars Fletre (1950)

Om kunstverket

Minnesmerke frå krigen - for 4 falne - 1940-1945

Knut K. Skjeldal - 21/10-1911 - 22/4-1940.

Knut var lærar i Kolbu i Oppland. Foreldra var Knut K. Skjeldal og Kristi F. Aarhus frå Kvam. Han hadde lærarskule og Statens Gymnastikkskule. Knut var korporal - Kp3/BnI/IR10 - under krigen, og tok del i kampane i Valdres. Den 22. april vart troppen hans overfallen av tyske soldatar, og saman med to andre miste Skjeldal livet.

Lars K. Gjerme - 4/12-1908 - 27/4-1940.

Gardsarbeider i Voss. Foreldre Kjell Gjerme frå Vossestrand og Brita Norekvaal frå Voss. Lars høyrde til
IR-10 - Kpl/BnI/IRio - under krigen i Valdres i 1940. Gjerme blei alvorleg såra under eit tysk åtak på Bagn, og døydde dagen etter av skadane han fekk.

Brynjulv Liland - 12/12-1914 - 2/9-1943.

Arbeidde som målar. Foreldra Anders Liland og Guri Nesheim, båe frå Voss. Han var med i krigen i Noreg 1940, som korporal. Han var seinare med i illegalt arbeid på Voss og i Bergen. Den 21. sept. 1941 drog han med M/B Sjølivet frå Austevoll til Shetland. Vidare til England, der han vart med i Kompani Linge og opplærd til spesialteneste i Skotland. Han omkom ved ei sabotasjeøving ved Glasgow i september 1943. Fekk Haakon VIIs 70-års medalje, ein norsk krigs- og minnemedalje som blei delt ut i 1942.

Daniel Theodor Danielsen - 23/7-1900 - 1/3-1943.

Sveisar i Kvam. Foreldra Oskar Danielsen frå Sverige, som flytte til Bruvik, og Veline Verpelstad frå Bruvik. Daniel var gift med Inga Bertine frå Evanger. 3 born. Han organiserte heimefrontarbeidet i Indre Hardanger. Distribuerte illegalt materiell og var leiar for dei illegale gruppene på heimstaden. Den 26. september 1942 blei han arrestert og sett i fengsel i Bergen, på Ulven ved Os og så Grini der han kom 10/11-1942. Han vart dømt til døden og skoten på Trandum 1/3-1943.



  • Navn: Minnesmerke frå krigen - for 4 falne - 1940-1945
  • Kunstner:
  • År 1950
  • Materiale / medie: Granitt
  • Sted Vangskyrkja
  • Plassering Ved austveggen av Vangskyrkja

Relaterte artikler