Lorentz Nybø

(1917)

Om kunstverket

Reist: Noregs Ungdomslag - Norsk ungdom sette steinen.
Avduka: 11. juli 1917 ved Noregs Ungdomslag sitt landsstemne. Lars Eskeland stod for avdukinga.

Lorentz Nybø (1870-1912) var fødd i Florø. Utlærd i boktrykkjarfaget og fekk si utdanning i Nordfjordeid. Han var i typograffaget både i Trondheim og Oslo. Kom så attende til Nordfjordeid og gav ut bladet «Ung Skuld» (seinare «Unglyden»). Han flytta til Voss i 1895. Han gjorde same året ein samarbeidsavtale med redaktør Nils Bjørgum i «Hordaland», og dreiv bladet til 1898 då Olaus Alvestad vart med i drifta. Nybø var både politisk og kulturelt interessert. Han dreiv bokforlag og skreiv mykje sjølv, og arbeidde dessutan ihuga for avhaldssaka.

Relaterte artikler