Russargravene

(1947)

Om kunstverket

Reist av: Fagorganisasjonen på Voss.
Avduka: 31. august 1947 av Ivar Martinsen.

Steinen, som består av tilhogge glasert granitt er sett opp til minne om russiske krigsfangar som døydde på Voss under 2. verdskrigen.

Fem av soldatane blei skotne som straff eller under fluktforsøk, medan to omkom i ulukker. Fangane kom til Voss i november 1942. Dei vart innkvarterte i brakker på Tvildemoen og Bømoen. I alt var der over 700 krigsfangar på Voss då krigen tok slutt. Fangane gjorde slavearbeid på tyske anlegg så som vegarbeid, vedhogging og utviding av flystripa på Bømoen.

Relaterte artikler