Lars Tvinde

Av Ståle Kyllingstad

Om kunstverket

Lars Tvinde og hustru Gudrun Gravplass ved Vangskyrkja. Bronse/granitt. 1973/1937 Ståle Kyllingstad laga ei portrettbyste i bronse av Lars Tvinde i 1937. Tvinde døydde i 1973 og vart gravlagt ved Frogner kirke i Oslo, men urnene til Gudrun og Lars Tvinde er i ettertid sette ned på kyrkjegarden ved Vangskyrkja. Tvinde ynskte at gravsteinen skulle hentast frå nærleiken av barndomsheimen, og steinen vart funnen under Tvindefossen. Kyllingstad bearbeidde steinen i granitt og felte inn eit relieff frå 1937.

Ståle Kyllingstad

Les mer...

Relaterte artikler