Minneplate

Av Lars Fletre

Voss Gymnas, falne 1940-45 - minneplate


Minneplata vart avduka laurdag 21. juni 1952 på årsavslutninga ved Voss off. Landsgymnas. Minneplata er ei skiferplate der namna på dei sju falne studentane er rissa inn. Høgre del av tavla består av ein illustrasjon der «Mor Norge» audmjukt rekkjer dei ein laurbærkrans. Minnetavla er utført av kunstnaren Lars Fletre.

Det var elevlaget «Heimdall» som tok opp tanken om å få opp eit minnesmerke på gymnaset, og i samarbeid med rektor og lektorane på skulen reiste dei tavla. Rektor Bøyum og formannen i «Heimdall», Johnny Grøthe, heldt begge talar ved avdukinga.

Innskrifta er som følgjer:

Studentar frå
Voss off. landsgymnas
som let livet i striden for
fedrelandet i krigsåri 1940-45

Ingolf Boge
Einar Elias Djuvstein
Eilev Garathun
Sverre Kolltveit
Tor Kyrkjeteig
Finn Åsmund Skre
Eiliv Schelderup Strømme



Ingolf Boge: Fødd 31. januar 1900 i Bruvik. Student 1920 på latinlinja. Cand.theol. Sokneprest i Fjell frå 1937. Deltok i illegalt arbeid i Mil.org. Arrestert 1. september 1943. Døydde i fengslet på Aleksander Platz i Berlin 1. april 1944.

Einar Elias Djuvstein: Fødd 27. juni 1901 i Innvik, Sogn og Fjordane. Student 1921 på reallinja. Cand.med. Lege, spesialist i lungesjukdom. Distriktslækjar i Velfjord, Nordland 1938. Omkom under ei embetsreise då båten D/S Irma sokk på Hustadvika 13. februar 1944 etter to eksplosjonar.

Eilev Garathun: Fødd 5. november 1901 i Eidfjord. Student 1923 på engelsklinja. Cand.jur. Sekretær i Kyrkjedepartementet. Deltok i illegalt arbeid i transporttenesta. Arrestert juni 1943. Overført til Tyskland
med «Westphalen». Omkom då skipet vart minesprengt og sokk 8. september 1944. Gravlagd i Gøteborg.

Sverre Kolltveit: Fødd 2. oktober 1903 i Strandebarm. Student 1925 på latinlinja. Cand.jur. H.r.advokat i Bergen. Deltok i illegalt arbeid i Bergen. Vart arrestert fleire gonger, siste gong 3. august 1942. Døydde i Sachsenhausen 19. mars 1943

Tor Kyrkjeteig: Fødd 9. mars 1914 på Rødland, Evanger. Student 1935 på reallinja. Student ved den Tekniske Høyskole i Trondheim. Fall i Valdres 23. april 1940.

Finn Åsmund Skre: Fødd 25. februar 1904 på Avaldsnes. Student 1925 på reallinja. Cand.oecon. Deltok i Stein-organisasjonen i Bergen og var medarbeidar i ei illegal avis. Arrestert 16. oktober 1941. Døydde under ein fangetransport frå konsentrasjonsleiren Flossenbürg.

Eiliv Schelderup Strømme: Fødd 14. mai 1911 i Bergen. Student 1930 på latinlinja Løytnant på Kjeller i Oslo. Vernepliktig løytnant då krigen braut ut. Rømde over til England og vart jagarflygar. Først i det norske luftforsvar, seinare i RAF. Vart skoten ned nær St. Omer i Frankrike 11. oktober 1942 Gravlagd på Vestre gravlund i Oslo 28.07.1947.

Kunstverkene er beskyttet av opphavsrett og er gjengitt etter avtale med BONO (Billedkunst Opphavsrett i Norge). Verk kan ikke gjengis uten hjemmel i lov eller tillatelse fra rettighetshaver/BONO. Ønsker du å bruke kunstverk? Kontakt BONO for å få lisens - www.bono.no

Relaterte objekter