Christian Fredrik Broch

(1918)

Om kunstverket


Reist av: Bygdefolket på Brekkhus.


Presten Broch (1867 - 1917) var fødd i Stavanger 2. okt. 1867. I 1916 kom han til Evanger, og var der til han døydde vel eitt år seinare.

Presten Broch skulle til Nesheim i Eksingedalen for å halda gudsteneste. Det var sein vår det året, og snøen låg heilt ned til gardstuna på Brekkhus. Det var Helge Brakestad som var presten sin fylgjessvein. Då dei kom til Fribotnen, var dei ferdige med dei verste kneikane. Broch stogga på den jamne snøsletta og sa: « Hei, nu har vi vundet». Så seig han ned og døydde. Han ligg gravlagd ved Evanger kyrkje saman med kona Cathrine og yngste sonen.

Sonen Wilhelm betalte alle kostnadene med dette minnesmerket. Samstundes fekk Evanger skule eit nytt orgel til minne om faren.

  • Navn: Christian Fredrik Broch
  • År 1918
  • Sted Brekkhus
  • Plassering Steinene står i Fribotnen nær Vinningsleitet, på fjellet mellom Brekkhus i Teigdalen og Nesheim i Eksingedalen

Relaterte artikler