Knute Nelson

Av Sofus Madsen (1924)

Om kunstverket

Knute Nelson vart fødd 2. februar 1842 på garden Kvilekval i dåverande Evanger herad. Saman med si ugifte mor reiste han til Amerika i 1849. Då han var 8 år gamal gifte mora seg med Nils Grjotland, og Knut tok då namnet til stefaren.

Som fyrste skandinav vart Nelson i 1882 valt inn i kongressen. Nelson var guvernør i Minnesota frå 1892 og til han vart valt inn i senatet i tre år seinare. Der vart han sitjande i 28 år, til han i 1923 døydde på heimtur frå Washington D.C.

  • Navn: Knute Nelson
  • Kunstner:
  • År 1924
  • Materiale / medie: Bautastein
  • Sted Evanger
  • Plassering Evanger Sentrum, Voss kommune. Framom Heradshuset.

Relaterte artikler