Minnesmerke på Gråsida over fire omkomne

Om kunstverket

Monumentet er reist nær toppen av Gråsida, sør for Vangsvatet, nærmare bestemt ved Slåttabakktjern i Huelvdale, sør-vest for steinen «Timeglaset». Minnesmerket er reist til minne om fire ungdomar som omkom den 7. september 1950. Namneplata er montert på ein stein som er omkransa av store kampesteinar, med ein avrunda stein på toppen. Steinhoggar Olaf Brynildsen hogg inn namna på plata.

Dei fire omkomne var:

Karl Bernhard Bø 23 år, foreldre Bjarne Bøe og Marta f. Skjelde, Bulken.

Sverre Bygd 15 år, foreldre Sigurd Bygd og Brita f. Grønsberg, Myrkdalen, Vossestrand. Sverre var dreng
hos Olav Songve, Gjernes.

Kåre Stalheim 15, år foreldre Arnfinn J. Stalheim og Synneva f. Grønsberg, Stalheim, Vossestrand. Kåre var
dreng hos Olav Songve, Gjernes.

Godskalk Songve 26 år, foreldre Olav Songve og Johanne H. Berge, Gjernes på Voss. Godskalk var odelsgut på Gjernes.


Det var Ingebrigt Hjelle som kom med framlegg om å få sette opp monumentet, og saman med Sjur Narheim og Knut Gjerald vart kostnaden dekt. Olav Nestås, Olav Nesthus og Hans Prytz Sivertsen monterte namneplata og bygde minnesmerket sommaren 1953.

Minnesmerke står på staden der tre av dei vart funne. Den fjerde omkomne fann ein på fjellet mellom Svartagjelet og Songrø. Ulukka hende då dei fire var på veg ned att etter å ha henta reinsdyrkjøt ved Svartagjelet. Dei vart overraska av eit fælt uvær med skodd, sterk vind, sludd og regn. Det var likevel ikkje aktlaust av dei å ta til fjells den dagen. Då dei reiste ut om morgonen var nemlig vêret nede i bygda bra. Dette var nok årsaka til at dei var lett kledde og hadde lite regnklede med seg. Fyrst ut på dagen byrja det å regna og sludda, og då dei kom fram til fram til møteplassen var dei truleg våte og fraus. Uvêret sette derimot fyrst til på alvor då dei var på veg heimatt.

  • Navn: Minnesmerke på Gråsida over fire omkomne
  • Sted Gråsida

Relaterte artikler