Steinkrossen på Krosset

(1948)

Om kunstverket

Det var res.kap Peter Madland som sette fram tanken om å få reist ein steinkross der Heilag Olav og stridsfolket hans kvilde på ferda frå Folkedal i Hardanger til Vossevangen.

Gardbrukarane Lars Himle Tveito, Johannes H. Rio og Johannes L. Himle fann ein stor stein i nærleiken av Krosset. Den hogg dei til ein kross som vart sett opp der segna fortel at Heilag Olav kvilde. På same staden skal det tidlegare ha stått ein annan kross. «Hordaland» skriv i eit referat frå «Krossaset-stemnet» 1949 at: «[i] år sto krossen der på haugen attmed selet og synte at her er samlingsstaden».

  • Tittel: Steinkrossen på Krosset
  • Kategori: Skulptur
  • År 1948
  • Sted Krosset
  • Plassering Ved stølen Krosset i fjellet aust for Rong på Bordalen.

Se mer