Bautasteinane på kyrkjegarden ved Raundalskyrkja

(1941)

Om kunstverket

Reist av Raundalen Ungdomslag
Bautasteinane vart avduka 17. august 1941

På kyrkjegarden ved Raundalskyrkja er det to bautasteinar med fylgjande innskrift:
Minnestein over Soldat Ivar Sygnabere og Løytnant Finn Tysland som miste livet under 2. verdskrig.

Bautasteinane er av gråstein. Dei vart funne under Kolveberget på garden Kolve. Kven som hogg steinane til og gjorde innskrifta er ukjent.

Ivar Jonson Sygnabere: Fødd 7. desember 1905 på Sygnabere i Raundalen. Han var gards- og jernvegsarbeidar. Sygnabere døydde 25. april av ein granatsplint under eit bombeåtak, og vart funnen under ei gran i Storåsen. Gravferda fann stad 4. mai 1940 på kyrkjegarden i Raundalen.

Finn Tysland: Fødd 20. mai 1895 i Oslo. Han var sekondløytnant og agent, og hadde kommandoen over dei norske troppene ved Myrdal. Tysland fall 27. april 1940 under kamp ved jernbanebrua ved munninga av Ljosandal-tunnelen. Han blei gravlagd 4. mai 1940 på kyrkjegarden.

  • Navn: Bautasteinane på kyrkjegarden ved Raundalskyrkja
  • År 1941
  • Materiale / medie: Bautastein
  • Sted Raundalskykrja
  • Plassering kyrkjegarden ved Raundalskyrkja

Relaterte artikler