Bergartilleri nr. 2 - minneplate

Av kapt. A. (1987)

Om kunstverket

Gåve frå Artillerijubileet 1985.

Minneplata er eit trerelieff over tre artilleristar frå Bergartilleribataljon nr. 2 som fall i strid ved Haga i Valdres, 22. april 1940.

Utførande kunstnar er kapt. A.


Håkon Honoratus Bonnevie, student, Bergen. Fødd 14. febr. 1917 i Helsingfors, fall som kanonkommandør i artilleriduellen Haga-Fluberg i Valdres. Gravlagd på Møllendal gravplass, Bergen. Broren Rolf døydde i tysk fangenskap 1.juli 1944.

Oddmund Otterstad, gardbrukar frå Modalen, f. 27. mars 1904 i Hosanger. Gift med tre born. Fall ved Haga gard i Fluberg, Søndre land, 22. april 1940. Gravlagd i Modalen.

Magnus Toresen, Odda, kanonkommandør i bergartilleriet. Fødd 15. august 1917 i Odda. Vart mobilisert 9. april 1940, og møtte på Tvildemoen. Sendt til Valdres 18. april. Fall 22. april 1940 under kampane ved Fluberg, der han vart treft av ein granatsplint. Gravlagd i Nordre Land.

  • Navn: Bergartilleri nr. 2 - minneplate
  • Kunstner:
  • År 1987
  • Materiale / medie: Trerelief
  • Sted Bømoen
  • Plassering Øvre messe

Relaterte artikler