Minnesmerke over unionsoppløysinga ved Reimegrend stasjon

(1914)

Om kunstverket

Steinen vart avduka på 100-årsdagen for unionsoppløysinga med Danmark, 17. mai 1914.
Reist av Reime Ungdomslag.

Oppe på ein bergknaus ved Reimegrend er det reist bauta til minne om både denne unionsoppløysinga og unionsoppløysinga med Sverige i 1905.

Lærar Johannes O. Skjerve (formannen i komiteen), gardbrukar Johannes O. Brekke og gardbrukar Ivar E. Øvsthus, heldt talar ved avdukinga. Minnetalane la i tillegg vekt på at bautaen òg er til minne om dei frå Reimegrend som var med i krigane mot Sverige i åra 1807-1814.

Bautaen er av gråstein og vart funnen i utmarka. Det er ikkje kjent kven som hogg han til eller rissa inn teksten, men det var mange anleggsfolk som var vane med steinarbeid i Raundalen på den tida, og det kan tenkjast at det var ein eller fleire av desse som gjorde arbeidet.

Relaterte artikler