Minneplate på Rykke

(1966)

Om kunstverket

Minneplata er støypt i bronse og er montert inn i ein stein som blei funne på garden. Ivar Aase og Nils Graudo frakta steinen ned til tunet og grov han ned der han ligg i dag, i bakken til venstre når ein kjem opp i tunet. Reist av: Landbruksteknisk institutt, Rykke. Avduka: 7. september 1966 av prof. Øyvind Haugen ved Ås Landbrukshøgskule.

I aprildagane 1940, etter at Noreg var herteke av Tyskland, var det på garden til Anders Rykke innkvartert norske sanitetssoldatar. Desse flytte ned til Palmafossen skule 22. eller 23. april same år. Tyskarane tok til å bomba Vossevangen og Voss 23., 24. og 25. april.

Tysdag 24. april vart garden Rykke på Voss bomba. Anders A. og Anne Rykke og dei tre borna Arthur, Ingerd og Erna Jørgine omkom. Tenestejenta Pernild Bjørke kom levande frå det, men var sterkt skadd. Ho måtte leva resten av livet med kring hundre bombesplintar i kroppen.

  • Navn: Minneplate på Rykke
  • År 1966
  • Sted Rykke
  • Plassering Ved garden Rykke

Relaterte artikler