Regimentsbautaen», Bømoen - minnesmerke

Av Lars Fletre (1948)

Om kunstverket

Reist av: Eige nemnd etter opptak frå Fjordane Regiment av dåverande sjef, oberst Mons Haukeland.
Avduka: 15. august 1948 av General Roscher Nielsen.

Minnesmerket er eit fundamentalt steinmonument som er ca. 3.5 m. høgt. Det har uthogde relieff på alle fire sidene av toppseksjonen. Midtpartiet har namna på dei falne og slik inskripsjon:

«Dei gav livet sitt i striden for Noreg i åri 1940-1945. I djup takksemd reiste folket i heimebygdene deira dette minnet i året 1948. Hardanger, Voss, Sogn, Sunnfjord, Nordfjord.»

Avdukinga fann stad sundag 15. august 1948. Omlag 4 000 menneske var møtt fram, mellom dei slektningar og venner av dei falne og mange militære og sivile autoritetar.

  • Navn: Regimentsbautaen», Bømoen - minnesmerke
  • Kunstner:
  • År 1948
  • Sted Bømoen
  • Plassering Den gamle regimentsoppstillingsplassen på Bømoen.

Relaterte artikler