Bauta over falne, Vinje kyrkje

Av Steinhoggar Gustav Foss (1950)

Reist av: Ungdomslaga, skyttarlaga og idrottslag på Vossestrand.
Avduka: 29. mai 1950 av kapt. Martin Mølster.

Bautaen er ein ca. 3 m. høg naturstein. Steinhoggar Gustav Foss frå Bergen har gjort steinhoggararbeidet.

Hans O. Stalheim var med i 3. komp. i 1. bat. av IR 10 under kampanne i Valdres i april 1940. Han tok del i kampane i Bagn 19-20. april, og vart hard såra. Stalheim døydde på Bjørkelid Sjukehus 13. juli 1940.

Sigmund S. Helgeland var i Valdres i 1940 og høyrde til 1. bat. av IR 10. Helgeland blei såra under kampane mot okkupasjonsmakta i slutten av april, og døydde ei tid seinare av skadane, den 2. juni 1940.

David Homlebrekke var kaptein på D/S Varild. Han omkom då skipet forliste på veg frå Horten til England i slutten av januar 1940.

Lars S. Lund arbeidde i maskinrommet om bord på D/S Hosanger. Lund omkom 27. januar 1940 då skipet gjekk ned i Nordsjøen.

Kunstverkene er beskyttet av opphavsrett og er gjengitt etter avtale med BONO (Billedkunst Opphavsrett i Norge). Verk kan ikke gjengis uten hjemmel i lov eller tillatelse fra rettighetshaver/BONO. Ønsker du å bruke kunstverk? Kontakt BONO for å få lisens - www.bono.no

Relaterte objekter