Helena Bu Dagestad (1867-1947) - bauta ved Sambygg, Vinje

Av Kari Buen (1993)

Om kunstverket

Reist av: Venner. Initiativtakarar var Ivar Lydvo, Ivar Husdal, Peder Vangsnes og Gudleik Engeland, Gisle Bruland og Einar Østad.
Avduka: 14. august 1993 av Ole Didrik Lærum.

Minnesmerket er ca. 2,5 m. høgt og består av ubehandla naturstein frå Langedalen. Relieffet er laga av bilethoggaren Kari Buen. På namneplata står det: Helena Bu Dagestad 1867-1947.

Helena var ei særmerkt kvinne som livberga seg ved rosemåling og måling av brukskunst.. Ho vart i 1888 gift med treskjeraren Magnus Dagestad. I 1905 oppretta Vestlandske Kunstindustrimuseum ein snikkar -og treskjerarskule på Voss der Magnus vart styrar og Helena lærar i måling og fargelegging. Denne var ein forlaupar til Norsk Kunsthandverksskule.
Helena og Magnus skilde seg i 1920. Helena flytte då til Myrkdalen, der ho budde til ho døydde i 1947.

  • Navn: Helena Bu Dagestad (1867-1947) - bauta ved Sambygg, Vinje
  • Kunstner:
  • År 1993
  • Sted Vinje
  • Plassering Ved Sambygg, Vinje, Vossestrand.

Relaterte artikler