Sjur Helgeland (1858 - 1924) - bauta ved garden Helgeland, Myrkdalen

Av Jacob Nævdal (1958)

Reist av: Voss Spelemannslag.
Avduka: 3. august 1958 av Olav Hoprekstad.

Bautaen er ca. 2,5 m. høg. Den er av ubehandla naturstein og har eit relieff av Sjur Helgeland. Utførande kunstnar var bilethoggaren Jacob Nævdal frå Lindås, busett i Oslo.

Relieffet var opphavleg på gravminnet til Helgeland, men blei i samråd med slektningane flytta til bautaen då denne blei sett opp.

Sjur Helgeland vart fødd i Myrkdalen, Voss. Han vaks opp under tronge kår, men i ein heim og eit miljø der musikk hadde levande, gode vilkår. Han vart ein kjend spelemann, ein av dei store frå distriktet, kjend over heile Noregs land.

Han sette merke etter seg og Helgelands-tradisjonen i folkemusikken er framleis levande. Han var òg ein stor komponist. Dei mest kjende tonestykka hans er «Budeiene på Vikafjell» og «Heimlengt».

Saman med Ola Mosafinn er Helgeland ein av dei verkeleg store innanfor norsk folkemusikk.
  • Navn Sjur Helgeland (1858 - 1924) - bauta ved garden Helgeland, Myrkdalen
  • Kunstner Jacob Nævdal
  • År 1958
  • Sted Myrkdalen
  • Plassering Plassering: Ved garden Helgeland, Myrkdalen, Voss, ved riksvegen.

Kunstverkene er beskyttet av opphavsrett og er gjengitt etter avtale med BONO (Billedkunst Opphavsrett i Norge). Verk kan ikke gjengis uten hjemmel i lov eller tillatelse fra rettighetshaver/BONO. Ønsker du å bruke kunstverk? Kontakt BONO for å få lisens - www.bono.no

Relaterte objekter