"Rodestein" på Stalheim, Tønnebergs Samlingar

(1783)

I vegen opp til Tønnebergs Samlinger, ved Stalheim Hotel står der ein stein som ofte vert omtala som «rodesteinen». Steinen, som er ein tilhoggen naturstein og om lag 1,5 m. høg, har årstalet 1783 høgd inn.Ordet «rode» eller «rote» har mange tydingar - og kan mellom anna tyda «del av valkrins», «militær rodeforstandar» eller «ansvarsområde». Rodesteinen på Stalheim har truleg markert kvar bøndene hadde pliktarbeid på den gamle postvegen. Det er såleis postverket som sette han opp, og ikkje vegstellet som ein kanskje skulle tru. I 1783 fekk postvegen ny rute frå Bergen. Det same årstalet står på steinen som stod på Åsbrekke.

Steinen sto tidlegare ved Åsbrekkegjelet, men under utbetring av vegen låg han i ei røys ned mot elva. Hotelldirektør Kaare Tønneberg tok så vare på steinen og innlemma han i det private museum sitt på Stalheim.
  • Navn "Rodestein" på Stalheim, Tønnebergs Samlingar
  • År 1783
  • Sted Stalheim
  • Plassering Ved Stalheim Hotel

Kunstverkene er beskyttet av opphavsrett og er gjengitt etter avtale med BONO (Billedkunst Opphavsrett i Norge). Verk kan ikke gjengis uten hjemmel i lov eller tillatelse fra rettighetshaver/BONO. Ønsker du å bruke kunstverk? Kontakt BONO for å få lisens - www.bono.no

Relaterte objekter