«Sivlesteinen» på toppen av Stalheimskleiva

(1909)

Om kunstverket

Reist: Noregs Ungdomslag, Vestmannalaget, Vossestand Herad, ungdomslaga på Vossestrand.
Avduka: 20. juni 1909 av Anders Hovden.

Minnesmerket er ca. 5 m. høgt og av ubehandla naturstein. Steffen Haug sette opp steinen. Arbeidet med å få denne svære steinen frå Myrkdalen og opp Stalheimskleiva, var vanskeleg og tidkrevjande. Transporten blei gjort med hest. Anders Ullestad var leiar for nemnda som arbeidde for å få reist Sivlesteinen.

På steinen er eit sitat frå diktet «Tor Foleson»:

«Og det er det stora og det er det glupa at merket det stend um mannen han stupa.»

Dette er det same sitatet som ein finn på skulpturen «Merkesmannen», eitt av dei andre Sivle-minnesmerka på Voss.

Sjå òg omtalar av Sivle-bronsebysten ved Voss Tinghus og «Mor si Grav» - minnesteinen

  • Navn: «Sivlesteinen» på toppen av Stalheimskleiva
  • År 1909
  • Sted Stalheim
  • Plassering På toppen av Stalheimkleiva.

Relaterte artikler