Mor si grav (Susanna Sivle)

Av Leif Gjerme (2007)

Om kunstverket

Reist av Sivlelaget
Avduka: 13. juni 2007.
Susanna Sivle, mor til den kjente forfattaren og diktaren Per Sivle, er gravlagt på Oppheim gamle kyrkjegard. I samband med Sivle-jubileet i 2007 arbeidde Sivlelaget med å få reist ein minnestein for henne der. Riksantikvaren gav løyve til eit mindre monument i naturstein og bronse. Leif Gjerme frå Voss fekk oppdraget med å laga steinen.
Det finst ei eiga gjestebok knytt til gravminnet der besøkjande kan skriva seg inn.

Dette er det nyaste Sivle-minnesmerket i kommunen. I tillegg finn ein Sivlesteinen» på toppen av Stalheimskleiva, ein bronsebyste ved Voss Tinghus og "Merkesmannen".

Relaterte artikler