Elling Eielsen Sundve

(1981)

Om kunstverket

Reist av: Ei nemnd ved Eielsenseminaret på Voss 1979. Relieffet vart gjeve av Ansgar Søvik frå USA. Styrkår Hirth fann steinen og reiste den. Avduka: 1981.

Elling Eielsen vart fødd på Sundve, Vossestrand i 1804. Eielsen vart gripen av ei haugiansk vekking rundt 1830. Han emigrerte til Amerika i 1839 og heldt fram med gjerninga mellom nybyggjarane der. Han sette mellom anna opp eit bedehus for eiga rekning, ved byen Norway i Fox River-Settlement. Dette vart utgangspunktet for Elling sine forkynningsferder.

I 1846 organiserte Eielsen Sundve det fyrste norske kyrkjesamfunnet i Amerika «Den Evangelisk Lutherske Kyrkja i Amerika», eller Eielsen synode (kyrkjemøte).

Det stod strid om Eielsen både medan han levde og seinare. Han skal ha vore streng og kompromisslaus overfor seg sjølv og andre, og blei rekna som ein sterk personlegdom. Elling Eielsen sette sitt preg på kristenlivet mellom dei norske nybyggjarane i Amerika.

  • Tittel: Elling Eielsen Sundve
  • Kategori: Skulptur
  • År 1981
  • Sted Vinje
  • Plassering Ved Vinje kyrkje, Vossestrand.

Se mer