Vinternatt på Stalheim

Av Arvid Norendal

Om kunstverket

Minnegåve etter Anna R. Oppheim 1997. Ho var pasient v/institusjonen fram til 1997.

Tekst på baksida: I dette vinterbiletet har eg måla Stalheim hotell anno 1915. Det er svært bratt på Stalheim, dette har eg prøvd å vise ved å måle hotellet litt på skrå. Sivle heiter garden oppe til høgre. Diktaren Per Sivle har sine røter herifrå. Den gamle Bergenske kongevegen som svinger seg opp til hotellet, heiter Stalheimskleiva. Denne vegen er ein av dei brattaste i Noreg. Det runde snødekka fjellet i bakgrunnen heiter Jordalsnuten. Før i tida vart det arrangert joletrefest på hotellet.

Arvid Norendal

Les mer...

Relaterte artikler