Om kunstverket
Ole Villand (1885-1964) Kunstmålar, høgfjellsmålar og steinhoggar. Ole var fødd i Eidfjord i 1885 og døde i Øystese i 1964 Ole Villand var Steinhoggar, opplært i Eidfjord, underviste i monumethogging og dreiv eigen steinhoggar butikk i Odda, med gravmonumenter som spesialitet. Ole var rallar i ung alder og reiste mykje rundt. I ein alder av 44 år gjekk han over til kunstmåling. Motiva var mest frå Hardangervidda, fjell, fossar og landskapsmaleri. Vøringsfossen var Ole Villand sitt favoritt motiv. I 1942 slo Ole Villand seg ned i Øystese, bygde hus og budde her fram til sin død.
Bildet er gitt i gåve frå Oddvar Hole.