Relieff av spelemannen Sjur Helgeland (1858-1924).

Av Jacob Nævdal

Om kunstverket

Same relieff som på «Helgelandssteinen» på Helgeland, Myrkdalen 1958.

Gåve frå Alf Borge (1921-2015)
Alf Borge hadde i mange år «arbeidsplass» i ein krok av Servicetorget i Tinghuset.
Alf Borge var født i Tyssedal, Hardanger. Redaktør for sportsavis i Odda. Motstandsmann under krigen. Starta idrottsbladet «Innsats» i Kristiansand og skreiv to bøker om Hjallis 1952 og 1953. Flytta til Voss 1952/53. Bygde opp og dreiv Hotell Jarl og Vossestølen Turiststasjon. Leiar både i Voss Spelmannslag og Fotballklubben Voss. Stort spelemannsarkiv. Skreiv fleire bøker, ma om Nils Bergslien og ymse idrottsfolk. Alle bøkene er gitt ut på eige forlag.

Relaterte artikler