«Landmålingstrollet»

Av Ola Folkestad (1980)

Om kunstverket

Liten skulptur i tre, utskore og lakka.

Tekst til skulpturen: I Asbjørnsen og Moe si forteljing om trollet på Heddalsskogen les vi: «I det same såg dei trolla kome setjande og dei var så store og digre at dei var jamhøge med furutoppane. Men dei hadde berre eitt auge alle tre, og det skiftest dei om å bruke. Dei hadde eit hol i panna som dei la det i, og så styrte dei det med handa» Asbjørnsen og Moe var tydelegvis ikkje klar over kva fenomen dei var her var vitne til. Truleg var det Moe som såg trolla. Han var som kjent teolog og hadde venteleg ikkje så mykje greie på naturvitskap. Det Moe her hadde føre seg, var den første profesjonelle landmålargjeng i Nord-Europa. Og ikkje berre det, denne landmålargjengen var dei biologisk, fysiologisk og optometrisk første tilpassa landmålarar i verda. Dette gjev m.a. Desse føremunane: Ingen tidstap med å bestemme kva auge ein skal kike med. Ingen vanske med å hugse om det er det auget som ser i kikkerten eller det andre som skal latast att. Ein sit eller står aksialsymetrisk bak kikkerten og unngår dermed skeivbelastning i rygg og nakke, noko som elles sikkert gjev revmatisme i moden alder. Synsinntrykka går beinaste vegen til hjernen, dvs ein oppfattar raskare kva ein ser. Når same auge vert brukt av alle, unngår ein tidkrevjande omstilling når fleire landmålarar skal nytte same kikkert. Og til slutt, som det heilt revolusjonerande, hadde ein her faktisk for første gong å gjere med landmålarar med utskiftbar optikk. Det desse landmålingstrolla var i ferd med då dei vart observerte i Heddalsskogen var å trakke ned skogen for å få fri sikt. Dette er ein langt meir effektiv måte å gjere det på enn hogging og saging som mest vert nytta i dag. Her er vist eitt av landmålingstrolla i arbeid. Legg merke til arbeidsstillinga. Nokre meiner denne ikkje er nemnande annorleis i dag.

Ola Folkestad

Les mer...