Vakre Voss

Av Arvid Norendal (2002)

Om kunstverket

VEDTEKTER FOR «HJORTE-TAKK» POSITIVITETS-UTMERKING FRÅ VOSS KOMMUNE Vedteke i Voss kommunestyre 27.mars 2003, sak 16.

  1. «Hjorte-Takk» består av ein diplom utforma av kunstnaren Arvid Norendal, og med eksklusiv rett for Voss kommune til bruk som kommunal påskjønning «positivitetsutmerking»
  2. «Hjorte-Takk» kjem i tillegg til andre prisar og påskjønningar som vert tildelte av Voss kommune, og er tenkt som eit enkelt og uformelt kommunalt «klapp på skuldra» for aktivitetar og tiltak i lokalsamfunnet som Voss kommune ynskjer å retta merksemd mot i kvardagen.
  3. «Hjorte-Takk kan tildelast einskildpersonar, lag/organissjonar eller næringsverksemder i eller med tilknyting til Voss kommune.
  4. Voss kommune sine faste utval FPL, LEV, NTA og MKU gjer vedtak om tildeling av «Hjorte-Takk». Vedtaket skal grunngjevast, og får utsett offentleggjering fram til utdelinga. Utdeling finn stad i det nærast etterfølgjande kommunestyremøte etter utdelingsvedtaket.
  5. Forslagsrett om tildeling av «Hjorte-Takk» tilkjem alle faste- og varamedlemmer i utvala FPL, LEV, NTA og MKU. Framlegg om tildeling av «Hjorte-Takk» skal framsetjast i møte i dei respektive utvala. Medlemmer som ønskjer å komma med slikt framlegg, må melda frå om dette når møtet vert sett, slik at utvalet på lovleg måte kan vedta å setja saka opp på saklista.
  6. Utvalet som gjer vedtak om utdeling av «Hjorte-Takk, ber sjølv kostnaden med å få ferdigstelt diplomet.
  7. Utdeling av vedtekne «Hjorte-Takk»-diplom finn stad i Kommunestyret ved opning av møtet. Utvalet som har vedteke tildelinga, vel også saksordførar som ber fram grunngjevinga. Ordførar føretek sjølve overrekkinga av «Hjorte-Takk» diplomet. Mottakar av diplomet skal vera tilsagde på førehand for å kunne vera til stades ved overrekkinga.

Arvid Norendal

Les mer...

Relaterte artikler