Byste av Sigbjørn Bernhoft Osa (1910-1990)

Av Ståle Kyllingstad

Om kunstverket

Bysta av Sigbjørn Bernhoft Osa er laga av Ståle Kyllingstad. Sokkelen er laga av Sven Valevatn, Kunsthandverkskulen.

Bysta var på ei utstilling i Drammen. Politikar Rio Eriksen var på utstillinga, og meinte Voss kommune burde kjøpa bysten av Sigbjørn Berhoft Osa. Bysta vart kjøpt inn av Voss kommune. Kunstnaren Ståle Kyllingstad var god ven av arkitekt Leiv Tvilde, og har laga fleire kunstverk på Voss som Figgjo relieffet på fasaden på Gamlekinoen. Bysta stod tidlegare i Foajeen i Gamlekinoen. Avduka 2. november 1984

Historikk Ståle Kyllingstad(1903-1987) Bilethoggar, glaskunstnar og designar. Utdanna seg først i treskjering og møbelsnekring ved norsk kunsthandverkskule på Voss med lærar Magnus Dagestad. Inspirert av Nils Bergslien. Seinare skulpturar i nyklassisistisk stil. Laga mange skulpturar og monument. Frå 1937 kunstnarisk leiar ved Hadeland Glassverk der han utarbeidde meir enn 400 modellar. Arbeidde også ei tid ved Figgjo Fajanse A/S Då SK laga bysten, hadde han problem med synet/berre eit auge som fungerte. Mange meinte det var godt gjort å laga eit så godt kunstverk med nedsett syn. Teikning av Ivar Kvåle -90

Dikt: Ein scene står tom-men eit fargerikt bilete av ord og tonar ligg att. Eit liv fullt av kontrastar gav klangen til eit spel, som svinga mellom vemod og spenstig humor. Klokskapen og talentet ditt strekte seg mot eit vidsyn, som gjorde det enkle til ei livsform av dimensjonar. Frå folkeauge renn det i dag ei tåre. Blank, rein og gjennomsiktig- som ei menneskevenleg kunstnarsjel. Johan Fjellby

Sigbjørn Bernhoft Osa vart fødd i Ulvik 3. mai 1910, og vaks opp på Voss og i Valle i Setesdal. Han fekk opplæring i fiolinspel i Noreg og Tyskland, og etter fullført konservatorieutdanning i Berlin debuterte han i 1937.

Osa heldt ei lang rekke konsertar rundt om i Noreg, i USA og i fleire europeiske land. Han vart etter kvart ein framifrå ambassadør for norsk folkemusikk. Sigbjørn Bernhoft Osa var banebrytar med å nytta hardingfela i orkestersamanheng. Ole Bull var for Sigbjørn eit ideal som fiolinist, spelemann og kulturberar. Då Sigbjørn i 1976 skipa eit folkemusikkakademi, var det klart for han at det skulle heita Ole Bull Akademiet.

Sigbjørn Bernhoft Osa fekk ei rekkje utmerkingar og heidersteikn: Kongens fortenestemedalje i gull, Riddar av St. Olavs orden, Norsk kulturråds ærespris, Spelemannsprisen, Haugerud-prisen, heidersmedlem i Landslaget for spelemenn og æresborgarskap av den amerikanske delstaten Washington.

Ståle Kyllingstad

Les mer...

Relaterte artikler