Byste av Sigbjørn Bernhoft Osa (1910-1990

Av Ståle Kyllingstad

Om kunstverket

Sokkel: Sven Valevatn, Kunsthandverkskulen.

Utstilling i Drammen. Politikar Rio Eriksen var på utstillinga og meinte Voss kommune burde kjøpa bysten av SBO som var utstilt. Kjøpt inn av Voss kommune. Ståle Kyllingstad var god ven av arkitekt Leiv Tvilde.

Bysta stod tidlegare i Foajeen i Gamlekinoen. Avduka 2. november 1984

Historikk Ståle Kyllingstad(1903-1987) Bilethoggar, glaskunstnar og designar. Utdanna seg først i treskjering og møbelsnekring ved norsk kunsthandverkskule på Voss med lærar Magnus Dagestad. Inspirert av Nils Bergslien. Seinare skulpturar i nyklassisistisk stil. Laga mange skulpturar og monument. Frå 1937 kunstnarisk leiar ved Hadeland Glassverk der han utarbeidde meir enn 400 modellar. Arbeidde også ei tid ved Figgjo Fajanse A/S Då SK laga bysten, hadde han problem med synet/berre eit auge som fungerte. Mange meinte det var godt gjort å laga eit så godt kunstverk med nedsett syn. Teikning av Ivar Kvåle -90

Dikt: Ein scene står tom-men eit fargerikt bilete av ord og tonar ligg att. Eit liv fullt av kontrastar gav klangen til eit spel, som svinga mellom vemod og spenstig humor. Klokskapen og talentet ditt strekte seg mot eit vidsyn, som gjorde det enkle til ei livsform av dimensjonar. Frå folkeauge renn det i dag ei tåre. Blank, rein og gjennomsiktig- som ei menneskevenleg kunstnarsjel. Johan Fjellby

Ståle Kyllingstad

Les mer...

Relaterte artikler