Om kunstverket
Magnus Dagestad teikna monumentet til ein utlyst konkurranse og gav det namnet "Hugsviv kring minni" Steinane vart utforma i Eidfjord av Odd Hereid. Brynjulf Bergslien utforma relieffet av seg sjølv og av broren Knud. Nils Bergslien modellerte sjølv sitt eige portrett. Desse vart støypt i bronse og monterte på steinane . Bergslimonumentet vart avduka 21.oktober 1928. Først spelte Voss Hornmusikklag, og Anders Ullestad ynskte velkomen. Rektor Peder Blix ved Voss off. Landsgymnas las ein prolog som Lars Eskeland hadde skrive, og stortingsmann Jon Mannsaaker heldt avdukingstalen. Magnus Dagestad orienterte så om arbeidet med monumentet, før han overleverte det til Vossevangens Bygningskommune.
Kunstmålar Knud Bergslien (1827-1908):Knud Bergslien vart i si tid kjend som «den beste portrettmålaren i landet». Knud var òg ein dyktig historiemålar, døme på dette er «Kong Sverre i snestorm på Vossefjeldene » og «Birkebeinerne på ski over fjeldet med kongsbarnet». Knud fekk i oppdrag frå Kong Oscar ll å måla kroningshøgtida til Oscar II i Nidarosdomen i 1873.
Bilethoggar Brynjulv Bergslien(1830-1898): har av kunsthistorikarane vorte omtala som den største bilethoggaren i landet i si tid. Karl Johan-monumentet, ei ryttarstatue av den svensk-norske kongen Karl Johan, vert rekna som Brynjulv sitt meisterverk. Det vart avduka på Slottsbakken i september 1875 med ein svær folkefest. Brynjulv var og fyrste læraren til Gustav Vigeland.
Kunstmålar Nils Bergslien(1853-1928): Nils Bergslien var målar, teiknar, illustratør og bilethoggar. Han har laga minnesmerket over Ola Mosafinn, «Ridande Vossabryllaup». Nils Bergslien var mest kjend som kunstmålar. Oftast nasjonalromantiske folkelivsskildringar og motiv frå eventyr og segn, mellom anna mange, ofte komiske nissebilete reprodusert som postkort. I Voss Ungdomshall er sceneteppet «Jolereida» laga av Nils.
Bergslimonumentet er ein del av Bergsliløypa, ei natur- og kulturløype på Vossevangen. Bergsliløypa har sju postar på stader eller ved monument med tilknyting til dei tre Bergslikunstnarane. Brørne Knut og Brynjulv vaks opp på Bergslitræet i Prestegardsmoen. Nils var nevøen deira.