Pokemon -Bestillingsverk til Vossa Jazz

Av itpd (2021)

Om kunstverket

Dette verket finn du på ute på veggen i huset der Vossa Jazz har kontor. Verket er ein del av utstillinga som opnar hausten 2021? Motivet er Emil i Lønneberget som har fanga pokemonen Pikachu med sprettert. Vossajazz var 48 år i 2021 og ein kan tolke verket som at ein knyter saman gamal og ny kultur gjennom dei 2 fiksjonskarakterane Emil og Pikachu. Astrid Lingrens litterære figur Emil Svensson blei me kjent gjennom barnebokserien Emil fra Lønneberget utgitt 1963, 1966 og 1970. Filmen om Emil og griseknoen kom ut i 1973, samme år som Vossajazz vart unnfanga. Både Vossajazz og Emil lever vidare og er kjent for sine sprell. Pikachu vart fødd i 1996, men er framleis poppulær og blir fanga kvar dag verden over med pokeballar. Men Emil gjer det på sin eigen måte med sprettert i dette kunstverket, der to kulturar møtes og det oppstår noko nytt. Kunstverket er og ein pokestop, slik at dei som har Pokemon go kan snurra det for å få til dømes fleire pokeballar, det kan og scannes. Slik er det eit levande kunstverk.

  • Kunstner:
  • Tittel: Pokemon -Bestillingsverk til Vossa Jazz
  • Kategori: Billedkunst
  • År 2021

Se mer

itpd

Kunstnarnavnet itpd kan ha betydninga: ikke tenk på det. Men kunstvera til itpd får deg ofte til å tenkja eller å sjå ting på ein ny måte. Betegnelsen ITPD -Invitation to Participate in...

Les mer...

Relaterte artikler