Skisportens vugge

Av la stå (2015)

Om kunstverket

Verket Skisportens vugge vart skapt av kunstnaren LA STAA i 2015 under Agalusfestivalen i regi av Voss kunstlag. Motivet er ei vogge som symboliserer at nokon er fødd med ski på beina. «OL-bygda Voss» er eit kjent uttrykk. Ski- og vintersport er ein stor del av Voss sin kultur og identitet. Ein skulle dirfor tru at eit kunstverk som heidra nettopp dette, var til stor glede for heile bygda. Verket er stilistisk og vakkert, men sjølvsagt skal nokon irritera seg over denne "nymotens" gatekunst.

Skisportens vugge har etter at kunstverket kom opp ei natt, vore til politisk handsaming både i det lokale formannsskapet og hjå Fylkesmannen. Verket prydar to etasjar på den austvendte veggen til Voss Veksel- og Landmandsbank og kom opp i 2015 under «Agalaus» festivalen. Verket er idag ein viktig del av identiteten til området Torget. Skisportens vugge har stor kunstarleg verdi og blir vonleg ikkje malt over av byråkratane.

Det hadde kanskje vore på sin plass at Vekselbanken eller andre samfunns støtter tok ansvar og ramma inn verket i glass for å beskytte det mot vær og vind, slik Bergen kommune har gjort med eit av DOLK sine verk. Les meir om street art her: https://en.wikipedia.org/wiki/Street_art Agalausfestivalen på Voss i 2015 sette Voss på kunstkartet.

  • Kunstner:
  • Tittel: Skisportens vugge
  • Kategori: Billedkunst
  • År 2015

Se mer

la stå

Les mer...

Relaterte artikler