Om kunstverket
itpd er ein bergensbasert kunstnar frå Voss, med bakgrunn som fotograf og teiknar. Fleire av verka hans kan sjåast på veggar i Bergen, Voss og Fyllingsdalen. Den anonyme gatekunstnaren er inspirert av legender som AFK og DOLK, og han reknar seg sjølv som ein «old school-kunstnar», med sjablong og spray som viktigaste verktøy. Fleire av verka hans er prega av eit sterkt politisk medvit og velutvikla formkjensle. Vossa Jazz har tradisjon for å skipa til kunstutstilling under festivalen i samarbeid med Voss Kunstlag, og festivalplakatane våre har vore laga av spanande, visuelle kunstnarar frå dag ein. Vossa Jazz vil at kunsten og mangfald i kunstuttrykk skal gjennomsyra alt Vossa Jazz driv med.
Dette er fyrste gong Vossa Jazz hadde ein gatekunstnar som festivalkunstnar, og utstillinga 2021 var presentert både utandørs på Vangen og inne i utstillingsrommet på Voss Kulturhus.
Det nylaga verket som prydar Vossa Jazz-plakaten 2021 er ein hyllest til Per Jørgensen. Heilt sidan tenåra har festivalkunstnaren vore opptatt av den norske trompetisten sitt fantastiske lydrike og spesielt den musikalske galskapen Jørgensen bidreg med i trioen Jøkleba. Originalen av årets plakat kan du sjå i parkeringshuset VossaPark på Voss.
Det kom det mykje gatekunst på Vangen i 2021 i samband med VossaJazz. Verket av trompetisten er bakgrunnen til festivalplakaten 2021. Verket finn ein i parkeringshuset ved heisen på nivå 2, inngang via Uttrågata.