Simons-Margreta

Av Arne Mæland

Om kunstverket

Statuen over "kvardagsmennesket" Simons-Margreta blei avduka på Torget i Voss sentrum hausten 2010, og vart utforma av bilethoggaren Arne Mæøand. Blant initiativtakarane for å få reist skulpturen finn ein Bjørg Gjersvik, Olav L. Tvilde i Vossevangen Huseigarlag og Else "Pus" Gravning, sistnemnde som leiar for Simons-Margreta-nemnda.

Personen Simons-Margreta vert rekna som ein av dei fyrste handelskvinnene på Vossevangen. Ho vart døypt Margreta Olsen, og levde frå 1872 til 1949. Margreta var eit fast innslag i gatebiletet, der ho ofte gjekk med ei brødkorg under armen.

Relaterte artikler